Frå og med neste veke vil rektor ved Malmanger oppvekstsenter ha ein heil arbeidsdag ved Mauranger skule og barnehage per veke. Fram til no har rektor vore tilstades i Mauranger ein halv dag per veke. Dette gjeld kvar onsdag framover.
16.01.12 kl. 10:00
Ras i Austrepollen
På grunn av at vegen er stengt i Austrepollen må elevane i Nordrepollen få anna skyss til og frå skulen i dag. Det vert difor privat skyss fram til Austrepollen og vanleg skulebuss frå krysset der.
11.01.12 kl. 08:21
Tid for virus......
Vi minner om reglane for god hygiene. Handvask og høfleg åtferd ved sjukdom er det som kan begrense smitte. Sjå eigne skriv på sida her under ymse skriv.
På grunn av ny bruk av lokala i enden av Grenda motell er det ønskjeleg at tilsette og foreldre ikkje parkerar framfor vindauga i enden av motellet- ved frisørsalongen. Bruk plassen på andre sida av bygget - mot Skeishagen i staden. Tusen takk! FLOTT!!
Skulelegen Trygve Torjusen har sendt ut informasjon om reglar for sjuke barn i barnehagen. Desse reglane gjeld og for skuleborn.
Ein lengre versjon av skrivet med forklaringar kan de få på skulen.
Klikk på biletet under for å koma på skulefrukt sine heimesider
.
Open Office 2.3 versjonen er gratis programvare,
og kan lastast ned frå Internett.
Dette er eit godt alternativ for dei elevane som t.d. ikkje har Microsoft Office og Excel heime.
Open Office har skriveprogram, rekneark og presentasjon.